2-3 mndOpprettet av Sølvi ons, oktober 01, 2008 20:23Det kan gå hardt utover både inventar og anna når ein har kvalp i 3 månaders alderen... Når vi har eldre hundar er det som regel dei bitinga går mest utover, men etter tilbakemeldingane frå søskena til Sine å dømme så er det fleire som har erfart at denne gjengen har tenner, spisse er dei også
. Heldigvis er det eit forbigåande stadium, men det kan lett føles uendeleg når ein er midt i det...
Sine er veldig kry over å ha erobra Aïda sitt favorittbein!

Denne var det litt utfordring i, ikkje lett å sette tennene i glatt plast! 

... då er det bedre å ta seg ein smakebit av senga...

Denne senga var også god 

.... særlig knottane under

Det ein klar fordel å vere søt når ein må avlede oppmerksomheita frå gnaginga på dørstokken.... 

Kontakt? Godbit!! (eller blitz
)

2-3 mndOpprettet av Sølvi ons, oktober 01, 2008 18:11Med ein utruleg varm og fin sommar har det vore nødvendig å kjøle seg ned av og til. Sine har hatt eit lite basseng på verandaen der varme potar har kosa seg når behovet har meldt seg
.



Litt graving er artig!



Skyggen er å foretrekke når temperaturmålaren passerer 30...

... eller ein kjølig plass inne

2-3 mndOpprettet av Sølvi ons, oktober 01, 2008 18:03Vi fekk også bilder frå Maya i Oslo. Hennar nye liv inneheld mange spennande opplevingar, ho reiser med buss, tog og trikk, og taklar Oslo S som ho skulle ha vokse opp der (lydnivået her kunne vel av og til minne om det...
)
Her er nokre bilder frå hennar første dagar hos Eva:







Glad i born....nam...

Greit å ordne seg med sentral soveplass 

2-3 mndOpprettet av Sølvi ons, oktober 01, 2008 17:41Vi fekk koseleg mail fra Leon med familie med bilder og litt om Leon sine første dagar som Trønder. Han tilpassa seg raskt den nye dialekta, bartane og katten
, og ser ut til å trivast godt i den nye heimen 

Leon og Erlend


Godt å sove på teppe med kjente lukter
Nye vennar å bli kjent med, både inne...

... og ute 

2-3 mndOpprettet av Sølvi ons, oktober 01, 2008 14:17Endelig er eg i gang igjen med blogginga... Ein hektisk sommar er over, og dei første blogginnlegga blir "tilbakeblikk" fram til vi er ajour igjen :-)
Sine sin første smak på den verkeleg store verda fekk ho då ho var 10 veker, ho var med på telttur til utstillinga til Vestnes Hundeklubb, utstillinga var på Landbruksskulen på Gjermundnes, eit nydeleg område. Det gjekk strålande, Sine storkosa seg med alle dei nye opplevelsane.
Vi campa saman med Linn og Arnfinn frå Kennel Melkebart og Hege og Hilmar frå Kennel Tiviniro, og kosa oss til langt på kveld. Sine var einaste "blondina" saman med Berner Sennen og Newfoundlandshundar, dei to Berner kvalpane på åtte veker var spesiellt spennande


På Gjermundnes er det store friområder og som teltturist var det godt å få stekke på beina innimellom...





Sjølve utstillinga gjekk veldig fredlig for seg for Sine sin del... Alle inntrykka tok på, så trass i mange nye "fans" som ville klappe og kose med henne, måtte dei stort sett nøye seg med å klappe undersida...

Linn i farta med Zuki,

- og Hege med Lotta

Der var dessverre ikkje Goldenar på utstillinga i år, men likevel fekk vi treffe to trivelege eksemplar av rasa, først Rebekka si tispe Deeside`s Magic Melody, Hulda. Rebekka vart forresten BIS2 på utstillinga med Berneren sin, Trulte! Gratulerer!

Så ein herleg ung mann frå Kennel Sadella, Marco. Synest han var ein nydeleg gut (berre 10 mnd!), og med eit fantastisk temperament. Kjekt å helse på ein av slekta
! Vi måtte prøve oss på nokre "vise fram" bilder som vi kunne sende til oppdrettar Wigdis (som også er oppdrettar av Sine si mor, Emma).

Inspirert av utstillinga prøvde vi oss på nokre ståbilder av Sine også...

---- før vi starta på vegen heim 
