Kvalpar på Månetoppen

Kvalpar på Månetoppen

Milla og Persson har vorte foreldre til fem flotte kvalpar

Her kan du følge dei frå fødsel og fram til levering. Vi vil legge ut bilder og fortelle litt om utviklinga til dei søte små :-)
Meir om Milla kan du finne på www.manetoppen.com , og om Persson på www.pebishar.com

Fødsel

FødselPosted by Sølvi Thu, October 01, 2009 21:29:54


Nokre dagar før skjema byrja fødselen, ei spennande hending som kan by på mange opplevingar, mest av det gode, men også av og til av det trasige slaget. Dette er første kullet til Milla, så spenninga var stor då tida nærma seg. Milla takla det heile heilt fantastisk, då første kvalpen kom lurte ho nok litt på kva dette var for noko rart, men etter å ha fått helse litt nærmare på sin førstefødte var ho overbevist... ---Dei skal ikkje sleppast av syne meir enn høgst nødvendig (og knapt nok då)....Ho fødte lett og tek seg godt av kvalpane, flink jente smiley

Det vart fem store kvalpar, ein aktiv og livskraftig gjeng.


Her var dei første to på plass, tredjemann er "under vasking"
Ei litt sliten mamma...
Her har alle fått prikkar på halerota i ulike fargar, rosa og lilla på dei to tispene, og grøn, turkis og blå på hannane.

-- ein av gutta er på tur, men finn raskt (og med sjumilssteg smiley) tilbake til mor
--- Og så vart det natta

Her er det liv i både rugekasse og kvalpekasse for tida...smiley Eit lite glimt frå fuglerommet i kjellaren. I ei av rugekassene til gouldsamadinane mine ligg det sju gapande ungar, ikkje vidare vakre no, men det tek dei igjen når dei er "ferdige"!




Milla og Persson

FødselPosted by Sølvi Thu, October 01, 2009 20:54:14
Milla -Pebishar's Heart of Love

Persson - NUCH Pebishar's Celebration

Dette er foreldra til årets kull på Månetoppen, to trivelege, flotte hundar som vi gleder oss til å sjå kva dei gir i kombinasjon. Både Milla og Persson er frirøntga på hofter og albuer og augelyst uten merknader. Persson er utstillingschampion, og Milla har CK frå utstilling

I bloggen vil vi følge kvalpane dei første månadane, med bilder og litt om små og store hendingar frå kvalpekassa