Kvalpar på Månetoppen

Kvalpar på Månetoppen

Milla og Persson har vorte foreldre til fem flotte kvalpar

Her kan du følge dei frå fødsel og fram til levering. Vi vil legge ut bilder og fortelle litt om utviklinga til dei søte små :-)
Meir om Milla kan du finne på www.manetoppen.com , og om Persson på www.pebishar.com

Kvalpane er ei veke

veke 0-1Posted by Sølvi Fri, October 09, 2009 00:28:58
No er kvalpane ei veke gamle, og alt står bra til med mor og barn. Milla tek seg små pauser ute av kassa, men vil helst ikkje vere vekke frå kvalpane for lenge, det vert nok ei god stund før ho vil vere med på tur...
Dei små har dobla fødselsvekta si, så alle veks jamnt og godt, og sjølv om det enda er ei stund til både syn og hørsel er på plass, så er det andre sansar som fungerer meget godt... Når Milla legg seg ned i kassa går "ryktet" fort, og dei fem små sovande klumpane beveger seg raskt og med pendlande bevegelser mot mammaen si lukt og varme. Det går ikkje så mange sekund før dei har funne seg kvar sin patte og smattar og koser seg stort. Når magen er full kjem dei seg ikkje langt før søvnen tek oversmiley













Det gode liv...?

veke 0-1Posted by Sølvi Tue, October 06, 2009 00:25:47
Måtte le då eg såg igjennom bilda i dag. Det var liksom eit "tema" som gjekk igjen... Det ser jammen ut som om julebordsesongen har starta tidleg i årsmiley:

"Mat" og drikke er ein viktig ingrediens....Og om menyen er noko einsidig må ein prøve å "krydre" opplevinga så godt ein kan.
For enkelte vert det litt for mykje av det gode...:
------- og tyngdekrafta er nådelaus...


Det vert ofte seint før ein tek fatt på vegen heim frå julebordet, og det er ikkje alle som kjem seg så langt for eiga maskin----
--- men, felles skjebne, felles trøst....


Julebordet er nok over for i år, og vi satser på at blogginnlegga framover vert prega av litt meir "edrueligheit"...
Til slutt eit litt meir "normalt" bilde av dei eigentleg så søte og uskyldige små... smiley


Millamor

veke 0-1Posted by Sølvi Mon, October 05, 2009 23:29:05

Milla koser seg med dei små :-) her er nokre bilder frå laurdag.




Første dagen

veke 0-1Posted by Sølvi Fri, October 02, 2009 16:15:27

Nokre små glimt frå kvalpekassa




Dei to jentene, rosa under og lilla øverst

-- og hannane i denne rekkefølga: blå, turkis og grøn
---- Og til slutt den stolte mamma smiley