Kvalpar på Månetoppen

Kvalpar på Månetoppen

Milla og Persson har vorte foreldre til fem flotte kvalpar

Her kan du følge dei frå fødsel og fram til levering. Vi vil legge ut bilder og fortelle litt om utviklinga til dei søte små :-)
Meir om Milla kan du finne på www.manetoppen.com , og om Persson på www.pebishar.com

Ting skjer...

veke 1-2Posted by Sølvi Wed, October 14, 2009 00:28:42

Snart to veker gamle, og livet til kvalpane består fortsatt av å dekke (eller få dekt...) dei grunnleggande behova. Om "nøda" er stor er det ein sikker medisin for alt: melk... Og Milla har godt med melk (eller er det fløte...?), kvalpane veks og er fornøgde, det er stilt og roleg i kassa, eit godt tegn smiley
Her er nokre bilder frå dei siste 4 dagane:


Første runda med kloklipp gjekk roleg og greit for seg, så lenge magen er full går det meste bra...

Når kvalpekassa skal vaskast er det greit å ha ein liten "hybel" å halde varmen i så lenge. Det vert mindre plass her for kvar dag, ikkje lenge før vi må utvide.

Her vert det også trangt om plassen..., eg trur Milla synes det er greit at ho har fem, og ikkje ti av dette kaliberet som "slåst" om pattane...

Ein teppekant kan vere ei stor utfordring for ein liten, lavtflygande kvalp, særleg når teppet rullar seg opp til små fjell... Då kan det vere greit å ta ei pause og, bokstaveleg talt, sove litt på det smiley
Men med rette motivasjonen...

Dei siste to dagane har kvalpane har opna augene, og ein kan sjå at dei orienterer seg meir mot omgjevnadene. Dei kosar seg og sovnar i hendene våra, og vi gler oss til å verte kjend med desse små klumpane smiley