Kvalpar på Månetoppen

Kvalpar på Månetoppen

Milla og Persson har vorte foreldre til fem flotte kvalpar

Her kan du følge dei frå fødsel og fram til levering. Vi vil legge ut bilder og fortelle litt om utviklinga til dei søte små :-)
Meir om Milla kan du finne på www.manetoppen.com , og om Persson på www.pebishar.com

Tredje veka

veke 3-4Posted by Sølvi Thu, October 29, 2009 22:28:43

Endeleg nye bildersmiley Dei fleste frå forrige helg, men dei siste er frå i går. Som dokke ser veks dei og forandrar seg for kvar dag. Dei er svært begeistra for det nye innslaget på menyen: tørrfòr, og når dei er mette bruker dei gjerne skåla både som badekar og seng... Milla synest nok dei små tennene er plagsomme, og desserten vert ofte servert ståande--- med muligheit for raskt retrett om det vert for gale... Sjarmerande små pirayaersmiley

Eg har fått mange kjempefine bilder frå Maya og Aïda si haustferie, har lagt dei inn i lag med dei tidlegare bilda, to innlegg nedanfor her.


Min første apport... ---- ein flodhestsmiley

Sine er svært interessert i dei små, vasker og slikker dei, og vil gjerne leike...
Ho har fast plass framfor kvalpekassa, men eg er usikker på kven ho identifiserer seg med, mor eller barn... ?smiley
Batman og søskena invitert på ståande buffèt...

Her er det best å holde posisjonen...Ikkje lett å konsentrere seg både om å stå på to bein og å holde taket matfatet!
Hedligvis går det an å bli mett utan så mykje anstrengelse ogsåsmiley

--- Og om du lurer på korleis det går med dei små merkelige skapningane frå rugekassa, ser dei sånn ut no smiley (far, tre av ungane og mor):