Kvalpar på Månetoppen

Kvalpar på Månetoppen

Milla og Persson har vorte foreldre til fem flotte kvalpar

Her kan du følge dei frå fødsel og fram til levering. Vi vil legge ut bilder og fortelle litt om utviklinga til dei søte små :-)
Meir om Milla kan du finne på www.manetoppen.com , og om Persson på www.pebishar.com

Ein liten presentasjon :-)

veke 7-8Posted by Sølvi Fri, November 27, 2009 22:46:44
Snart reiseklare fekk vi tatt nokre julebilder av kvalpane. Reinskinn og nissehue var greiene her, men kva kvalp på 7-8 veker har tid til å sitte still å leike teddybjørn...? Skinnet kan bedra ja... smiley
Det vart tatt ein del bilder, og dei fleste vart det mykje fart i...

Navn har dei også fått, så la meg få presentere:

Månetoppens Mimosa (lilla), skal heite Pia og bo i Jostedalen :

Månetoppens Mynte (rosa), ho seier ho skal bo her... smiley ?:

Månetoppens Misteltein
(grøn) skal heite Marco og bo i Sykkylven:
Månetoppens Myrull (blå) skal heite Jesper og bo i Syvde:
Månetoppens Molte
(turkis) skal heite Linus og bo i Ulsteinvik:
Lykke til!

Inneliv

veke 7-8Posted by Sølvi Fri, November 27, 2009 22:31:31
Denne årstida byr på så forskjellig frå værgudane, så etter fleire dagar med frisk luft fleire gonger for dag, vart det eit par innedagar. Då er det mykje energi på gang---, dei timane i døgnet dei er "bak lås og slå" går stort sett med til å sove, men det hastar med å kome seg ut av "bingen" når det skjer spennande ting på utsida :-)
Fv: blå, rosa, turkis, grøn, lilla.
Litt "felleskontakt" smiley
--og forklaringa er Biola... Dei har fått litt biola yoghurt kvar når dei har vore på bordet for å venne seg til å verte "undersøkt" og stelt. Og alle fem melder seg som "forvasker" før skeia skal i oppvaskmaskinasmiley
Eit lite søk etter fòrkuler er også populært!


Vi står på bordet

veke 6-7Posted by Sølvi Thu, November 19, 2009 22:07:38
Først jentene, nesten 7veker gamle:

Lilla tispe:

Rosa tispe:

Så gutane:

Blå hann:

Grøn hann:

Turkis hann:

7 veker

veke 6-7Posted by Sølvi Thu, November 19, 2009 21:53:55
I dag er kvalpane sju veker, og snart klar til å pakke og reise...smiley
Her kjem nokre bilder frå denne veka, vi har hatt nokre dagar med fint vèr, og søndag var det også tørt og mildt nok til ein liten tur ut på plenen:
Med utelivet høyrer det til litt aktivitetar for å prøve ut forskjellig spennande ting, tunnellarbeid er ein av dei. Dette oppdraget tok dei veldig alvorlig, så no må eg leite fram nål og tråd for å sjå om vi klarer å redde tunnellen gjennom siste veka...
Blå hann i tunnellenGrøn hann
Lilla tispe
Grøn hann
Turkis og grøn hann kikar inn til teltturisten
Greit med sånne sammenleggbare leiker smiley
Turkis hann
Lilla tispe liker seg godt på balansebrettet smiley
Blå hann
Denne veka hadde vi også besøk av fòrfamilien til Maya, her er Liv, Irmelin, Håkon og Eivind i lag med kvalpane

Blå hann, grøn hann i bakgrunnen
Grøn hann i farta!
rosa og lilla tispe
Rosa tispe med blå hann i hælanesmileyRosa tispeEtter å ha "gjødsla" plenen litt tok vi oss ein biltur, litt uro første minutta, men så sov alle godt til vi kom heim. Det blir fleire bilturar denne veka, mandag skal vi til vaksinering, id merking og helsesjekk.
Ny dag starter med ivrige små bjeff som eg er ganske sikker på betyr "frokost!!"...
Frokosten vert servert så fort som mulig...
..og rett etterpå kjem desserten hoppande opp i "bingen". Vi satsar på å verte flinkare med avvenninga... Milla vil gjerne vere i lag med kvalpane, og då vert det ein tår både no og då smiley
Etter å ha fått litt mat i kroppen er dei klar til ny dag full av action..., her er det snora i genseren til Sverre som var veldig fristande...

Seint men godt...?

veke 5-6Posted by Sølvi Sat, November 14, 2009 18:01:41
Tida gjekk ifrå meg denne veka, det har vorte tatt masse bilder, men det var dette med å sette seg ned ved pc-en då...
Men her kjem endeleg bilda av dei små bamsanesmiley:
Sine er sjef for underholdningsavdelinga her i huset, men ho kan bli litt voldsom for dei små, så ho må halde seg litt på avstand..
..men like blid for detsmiley
Sverre får ordna sveisen...smiley
Etter kvart som kvalpane veks til set Milla meir grenser for dei. Ho er veldig flink og tydeleg med dei, og det er tydeleg at dei forstår kva ho vil. Det kan sjå dramatisk ut, men er kun eit forsiktig tak rundt hovud/snute
---og kanskje kviskrar ho ei lita forklaring i øyra etterpå smiley?
--ok, då mamma, så kan eg ligge her å vere grei! (grøn hann)

Grøn hann
Blå hann
lilla jente
Marie har nettopp stått opp, og blå hann leder velkomstkomitteen


Snakk om haleheng..

Turkis hann får beskjed fra mor, medan rosa tispe ser sjansen til å bite litt i foten

Temperaturen har ikkje vore på vår side dei siste vekene, men kvalpane fekk seg ein rask tur på verandaen ein dag, spennande!
Rosa tispe på oppdagelsesferd
--og grøn hann tek seg ein liten bjeffekonsert.


Portrett

veke 4-5Posted by Sølvi Wed, November 04, 2009 22:01:22
Gjengen er snart fem veker og i dag vart dei "stabla opp" ein og ein i håp om at dei ville sitte stille mange nok sekund til å få trykke på knappen... Ikkje like vellykka resultat med alle, men vi får ta ei runde til seinaresmiley

Først jentene:

Rosa tispe:
Lilla tispe:


Og så gutane:

Turkis hann:


Blå hann:


Grøn hann:
Dette var forferdelig kjedelig, då er det bedre med ein finger å sette tennene i smiley




« PreviousNext »