Kvalpar på Månetoppen

Kvalpar på Månetoppen

Milla og Persson har vorte foreldre til fem flotte kvalpar

Her kan du følge dei frå fødsel og fram til levering. Vi vil legge ut bilder og fortelle litt om utviklinga til dei søte små :-)
Meir om Milla kan du finne på www.manetoppen.com , og om Persson på www.pebishar.com

7 veker

veke 6-7Posted by Sølvi Thu, November 19, 2009 21:53:55
I dag er kvalpane sju veker, og snart klar til å pakke og reise...smiley
Her kjem nokre bilder frå denne veka, vi har hatt nokre dagar med fint vèr, og søndag var det også tørt og mildt nok til ein liten tur ut på plenen:
Med utelivet høyrer det til litt aktivitetar for å prøve ut forskjellig spennande ting, tunnellarbeid er ein av dei. Dette oppdraget tok dei veldig alvorlig, så no må eg leite fram nål og tråd for å sjå om vi klarer å redde tunnellen gjennom siste veka...
Blå hann i tunnellenGrøn hann
Lilla tispe
Grøn hann
Turkis og grøn hann kikar inn til teltturisten
Greit med sånne sammenleggbare leiker smiley
Turkis hann
Lilla tispe liker seg godt på balansebrettet smiley
Blå hann
Denne veka hadde vi også besøk av fòrfamilien til Maya, her er Liv, Irmelin, Håkon og Eivind i lag med kvalpane

Blå hann, grøn hann i bakgrunnen
Grøn hann i farta!
rosa og lilla tispe
Rosa tispe med blå hann i hælanesmileyRosa tispeEtter å ha "gjødsla" plenen litt tok vi oss ein biltur, litt uro første minutta, men så sov alle godt til vi kom heim. Det blir fleire bilturar denne veka, mandag skal vi til vaksinering, id merking og helsesjekk.
Ny dag starter med ivrige små bjeff som eg er ganske sikker på betyr "frokost!!"...
Frokosten vert servert så fort som mulig...
..og rett etterpå kjem desserten hoppande opp i "bingen". Vi satsar på å verte flinkare med avvenninga... Milla vil gjerne vere i lag med kvalpane, og då vert det ein tår både no og då smiley
Etter å ha fått litt mat i kroppen er dei klar til ny dag full av action..., her er det snora i genseren til Sverre som var veldig fristande...