Kvalpar på Månetoppen

Kvalpar på Månetoppen

Milla og Persson har vorte foreldre til fem flotte kvalpar

Her kan du følge dei frå fødsel og fram til levering. Vi vil legge ut bilder og fortelle litt om utviklinga til dei søte små :-)
Meir om Milla kan du finne på www.manetoppen.com , og om Persson på www.pebishar.com

Inneliv

veke 7-8Posted by Sølvi Fri, November 27, 2009 22:31:31
Denne årstida byr på så forskjellig frå værgudane, så etter fleire dagar med frisk luft fleire gonger for dag, vart det eit par innedagar. Då er det mykje energi på gang---, dei timane i døgnet dei er "bak lås og slå" går stort sett med til å sove, men det hastar med å kome seg ut av "bingen" når det skjer spennande ting på utsida :-)
Fv: blå, rosa, turkis, grøn, lilla.
Litt "felleskontakt" smiley
--og forklaringa er Biola... Dei har fått litt biola yoghurt kvar når dei har vore på bordet for å venne seg til å verte "undersøkt" og stelt. Og alle fem melder seg som "forvasker" før skeia skal i oppvaskmaskinasmiley
Eit lite søk etter fòrkuler er også populært!