Kvalpar på Månetoppen

Kvalpar på Månetoppen

Milla og Persson har vorte foreldre til fem flotte kvalpar

Her kan du følge dei frå fødsel og fram til levering. Vi vil legge ut bilder og fortelle litt om utviklinga til dei søte små :-)
Meir om Milla kan du finne på www.manetoppen.com , og om Persson på www.pebishar.com

--and now for something completely different..

veke 2-3Posted by Sølvi Tue, October 20, 2009 16:13:31
Milla og kvalpane har det godt i ammetåka som omgir dei (og meg...smiley). Men for dei andre hundane kan det verte litt kjedelige dager. Aïda var så heldig at ho fekk vere med Maya og familien hennar på haustferie til hytta deira i Gudbrandsdalen. Aïda stortrivdes, og vi fekk fine mobilbilder av to hundar som kosa seg!


Irmelin og Aïda fann tonen, begge liker veldig godt å koose smiley

Her har vi fått fleire nydelege bilder av halvsystrene Maya og Aïda på tur :


Tilbake i Ulsteinvik vart det enda ein tur før Aïda kom heim (Maya t.v.)


Emma, Marie og Marie kosa seg i snøen i Skåla
Ni år er ingen alder når ein får kald og god nysnø under potane smiley Emma i full fart opp bakken.


Aïda var med på tur til Sandhornet i helga, ein nydeleg tur med flott utsikt.
Aïda på veg opp Kråkenakken
--- på Grøthornet med turmålet, Sandhornet, bak seg
Nydeleg utsikt mot Vassdalstinden, Vassdalen og baksida av Saudehornet
Aïda får auge på nokre potensielt nye venner, og legg ivrig i veg...
...sånn ser det ut frå andre sida smiley
Full klaff smiley (foto dei to bilda over: Bjørn Berge)
Kjetil og Aïda med Aïda sine nye erobringar. Turkamerat Bjarte Staurset er fotograf.
Hm... der gjekk dei...
Då er det full fart vidare mot nye eventyr smiley!