Kvalpar på Månetoppen

Kvalpar på Månetoppen

Milla og Persson har vorte foreldre til fem flotte kvalpar

Her kan du følge dei frå fødsel og fram til levering. Vi vil legge ut bilder og fortelle litt om utviklinga til dei søte små :-)
Meir om Milla kan du finne på www.manetoppen.com , og om Persson på www.pebishar.com

Tilbake til kvalpekassa

veke 2-3Posted by Sølvi Tue, October 20, 2009 17:16:53
Etter ein tur til fjells er det kvalpekassa som står for tur.
Det er framleis ganske fredeleg i kassa, men med litt meir aktivitet for kvar dag. Litt forsiktig leiking og nokre prøvande bjeff og knurr, men det varer berre eit par minutt før dei søv tungt igjen. Matlysta er svært god..., ansikt og frambein er konstant våte av melk...smiley Om nokre dagar skal dei få smake på tørrfòr for første gang, trur nok Milla synest det er greit å få litt "avlastning" i form av fast føde.
Blå hann har sovna med eit godt grep rundt maten...
Milla held styr på gjengen medan eg skifter på kassa


Fire av gjengen i skammekroken...

.... medan femtemann studerer aksjekursane...